Spirekassen

Generell info

Tidspunkt: Mandag

Pris: 450

Om kurset

 

Bruken av spirar og skudd i matlaging har ein rik tradisjon andre stader, særlig i Asia, men i vårt hjørne av verda har fleirtalet stadig si einaste praktiske erfaring med spiredyrking frå eksperiment med karse på bomull i barneskuleåra. Her er det mykje å hente for den nyfikne, for spirar er både sunne, velsmakande og som oftast samarbeidsvillige. På dette kurset lærer du enkle teknikkar for spiredyrking heime på kjøkkenbenken.

 

På programmet står blant anna:

–        Introduksjon til den grunnleggande framgangsmåten for spiredyrking, og kva faktorar ein treng å passe på for å unngå råte, mugg og andre uhumskheiter.

–        Informasjon om kjenneteikn ved ulike sortar frø, erter, bønnar osv., og korleis dei endrar seg i ulike ulike vekststadium.

–        Utdeling av smaksprøver på ferdige spirar

–        Spesifikk dyrkingsmetode for større frø.

–        Spesifikk dyrkingsmetode for sleipe eller svært små frø.

–        Praktisk økt med klargjering av ulike frø og vekstar til spiring. Seinare i veka møtest vi til avtalte tider for å studere framgangen og smake på vekstane.

 

På kurset tek vi utgangspunkt i eit lite utval vekstar med god spireevne, som mungbønnar, bukkehornkløver, reddik, franske linser og chia. Metodane frå kurset har stor overføringsverdi til å prøve på nye sortar. Plutseleg har du glaskarmen full av yrande liv, året rundt.

 

Alle deltakarar får med seg ein startpakke med assorterte frø og eit informasjonshefte heim.

 

Ta med

–        3 store sylteglas med brei munning.

Hjørdis

Info om kursholder

Hjørdis Maria Longva er ein sjølvlært nyttevekstentusiast frå ytre Sunnmøre. Ho tjener til livets opphald på heilt andre arenaer, men brukar mykje av fritida si på sanking, plukking, dyrking og stell av vekstar, både ved kjøkkenbenken og i det fri.