Underleir

Underleir 2022 avlyst

Underleir 2022 avlyst

Kjære alle! Det er med vemod vi må melde, at det dessverre ikkje blir Underleir komande sommar likevel. Vi har hatt fråfall av sentrale roller i komitéen i løpet av vinteren, og ser at arbeidsmengda ikkje går opp med den kapasiteten som er tilgjengelig. Dette, samtidig som det er behov for å reforhandle avtalar med våre samarbeidspartar gjer at vi ikkje ser det som realistisk å gjennomføre leir i år.

Avgjerdsla om pauseår til tross, er det slettes ikkje usannsynleg at vi prøver på nytt i 2023! Vi kjem ikkje til å selge noko utstyr, eller avvikle Underleir formelt, men legg berre alt på is ein sesong, og satsar på at ein ny komité kan ta opp stafettpinnen att over sommaren. Kanskje med di hjelp? Send oss gjerne ein e-post til post@underleir.no dersom du kan tenkje deg å bidra når den tid kjem.

Tusen takk for åtte fantastiske runder med “frilynt leirskule for vaksne” så langt! Og så sjåast vi forhåpentlegvis rundt leirbålet på Phillipshaugen igjen til Underleir 2023.

Beste helsing, Leirkomitéen

Underleir 2022 avlyst
Scroll to top