Underleir

Legobygging

Legobygging

  • Kategorier: 2021 og Aktiviteter
  • Pris: Gratis,-
  • Tid: 26. juli - 30. juli (Fri aktivitet måndag - fredag.)
  • Antall: (min), (maks)
  • Billett:

Kursbeskrivelse

Vi går til anskaffelse av uanstendig store mengder lego til årets leir, og satsar på å rigge opp ein byggestasjon med rikeleg bordplass inne på Lodgen, der byggverk og oppfinningar kan manifestere seg gjennom veka.

Vi sett i gong leiken måndag kveld kl. 18.00 etter middag, med kickoff og idémyldringsøkt for dei frammøtte, men elles er det ingen reglar eller retningslinjer. Her er det fri fantasi som gjeld. Fredag pakker vi saman.

Legobygging blir ein av gratisaktivitetane til årets leir, og du treng ikkje melde deg på på førehand. Vi må likevel sørge for at smittevernsreglar blir fulgte, så vi ber alle hjelpe oss med å passe på at det ikkje blir for trangt rundt bordet.

Det er ikkje heilt avklart enno, kor vidt vi kjøper legoen frå finn.no eller får låne nokre kasser klossar frå sjølvaste LEGO-konsernet, men lego skal vi få til!

(Dersom du sjølv brenn inne med nokon klossar du kunne tenkje deg å bli av med, så blir vi glade for donasjonar, men dette er sjølvsagt heilt frivillig.)


Alle kurs og aktiviteter

Scroll to top