Underleir

Nyttevekstsafari

Nyttevekstsafari

  • Kategorier: 2021 og Kurs og utflukter
  • Pris: 200,-
  • Tid: 30. juli - 30. juli (Halvdagskurs (lunsj til middag))
  • Antall: 3 (min), 12 (maks)
  • Billett:

Kursbeskrivelse

Bli med på nytteveksttur i området rundt Phillipshaugen!

Før turen blir det ein kort teoridel der vi går gjennom dei viktigste prinsippa for sanking, utstyr, tips til bruk, kva for nyttevekstar vi forventar å finne i området og litt om kva giftige forvekslingsartar det er viktig å passe seg for.

For sjølve turen held vi oss i området nært Phillipshaugen, og stoppar opp ved alle interessante planter vi finn for snakk, studie og eventuelt prøvesmaking.

Ved retur til Phillipshaugen sett vi opp ei lita utstilling på gardsplassen.

Alle deltakarar vil motta ei lita handbok om nyttevekstar på kurset.

Utstyr og forkunnskapar

  • Ingen krav til forkunnskapar, her tek vi det på nybyrjarnivå. 🙂
  • Fordel om deltakarar tek med eiga korg og kniv/saks, men det er ikkje eit krav. Vi kjem ikkje til å sanke noko i store mengder.


Alle kurs og aktiviteter

Scroll to top