Underleir

Sopp og nyttevekstar

Sopp og nyttevekstar

  • Kategorier: 2020 og Kurs og utflukter

Kursbeskrivelse

Bli med på sopp- og nytteveksttur i området rundt Phillipshaugen med Hjørdis og Linda!

Vi byrjer dagen med ein teoridel der vi går gjennom dei viktigste prinsippa for sanking, kva utstyr ein har bruk for, kva for artar av sopp og nyttevekstar vi forventar å finne i området, bruksområder i matlaging og litt om kva giftige forvekslingsartar det er viktig å passe seg for.

Deretter går vi ut for å sanke! Vi planlegger ein tur i gåavstand frå Phillipshaugen med variert terreng, frå elvebreidde og eng til tett granskog.

Etter turen vil vi samlast igjen, for soppkontroll, gjennomsyn av fangsten, oppsummering og kanskje rekk vi i fellesskap tilberede ein enkel rett eller to som bidrag til kveldsmaten.

Kva som er å finne av ulike artar vil naturlig variere fra år til år, blant anna etter kva slags vær og temperaturar som har vore tidlegare på sommaren. Veke 30 er veldig tidlig i soppsesongen, men kan kanskje vere litt seint i sesong for enkelte av dei beste nyttevekstane. Turleiarane vil her gjere ei kartleggingsrunde tidleg i leirveka og tilpasse kursopplegget etter det som faktisk er å finne.

Krav til deltakarar

  • Ingen krav til forkunnskapar, her tar vi det på nybegynnernivå. 🙂
  • Ta med 4-5 tomme papirposar (godteposar e.l. er glimrande) til sortering av sopp og tilsvarende 4-5 grønnsaksposar i plast til oppbevaring av planter.
  • Fordel om deltakarar tek med eiga korg og ein turkniv. Turleiarar har med nokre ekstra sett i reserve.
  • Ta gjerne med eigne (oppdaterte) sopp- og nyttevekstbøker om du har.

illustrasjonsbilde_syrigras illustrasjonsbilde_nyttevekster

Scroll to top